torsdag 18. april 2013

Gjekk du glipp av dette arrangementet?

Abbedens hus opna

Fredag 21.6.2013 blei Abbedens hus opna. Schola Solensis fekk æra av å syngje på opninga av bygget.  I 1995 blei scholaen starta som eit prosjektkor for å syngje på opninga av Sola ruinkyrkje, og no, nesten tjue år seinare fekk vi altså vere med å opne nok eit gjenoppbygd mellomalderbygg. 

Abbedens hus er blitt eit vakkert bygg; berre taket kan få ein til å sukke henført. Eit flott bygg å syngje gregoriansk song i. 

Omtale av opninga i Stavanger Aftenblad:

NRK Rogaland sitt innslag om Abbedens hus kan du sjå her (og det er altså ikkje Schola Solensis som syng i bakgrunnen; så mandige røyster har vi ikkje:):
http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland/dkro99062113/21-06-2013#t=6m18s
..............................................................

Mariakonsert i Sola ruinkyrkje

Velkommen til konsert med Schola Solensis!

Denne onsdagskvelden vil vi framføre eit utval songar knytte til Maria. Dei ulike songane blir brukte til ulike tider i kyrkjeåret, og vi vil syngje både "kvardags-" og festversjonen av dei fleste songane. I tillegg vil du få høyre ei marialegende.

Fri entré - Kollekt.









Informasjon om arrangementet finn du òg på Facebook:

Mariakonsert - 24. april 2013 - kl. 19.30 - Sola ruinkyrkje



- Er du interessert i å prøvesyngje? Ta kontakt med dirigenten vår, Ragnhild Agathe Hadland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.