tirsdag 9. november 2021

Adventsvesper 6. des. 2021, kl. 20:00, Sola ruinkyrkje


Endeleg blir det gregoriansk adventsvesper i Sola ruinkyrkje igjen.

I år skjer det måndag 6. desember, klokka 20:00.

Vi håper du har høve til å setje av ein god halvtime med oss i Schola Solensis.

Velkomen skal du vere!

Gratis entré - kollekt

torsdag 15. april 2021

Schola Solensis på Instagram

@schola.solensis

Det er oss det, og vi vil gjerne ha fleire følgjarar!
Sjølv om du ikkje er blitt invitert til konsert av oss på eit år, har vi ikkje gitt oss. Om vi ikkje kan synge saman kvar veke slik vi pleier, har vi mange spennande planer. Og ja, vi har, som alle andre, planlagt mykje som vi har avlyst dette året, men vi gir oss ikkje! Mens vi ventar på lystigare tider har vi nytta tida til å grave i den gregorianske songskatten, vi les oss opp og ser leiter fram, og testar ut nye prosjekt - nokre ligg eit stykke fram i tid, andre kan realiserast så snart det er lov. 

Vi håper vi snart kan sjå deg. Hald deg gjerne oppdatert på Facebook og Instagram i ventetida, og nytt gjerne emneknaggen #scholasolensis