søndag 18. november 2018

Adventsvesper

Tradisjonen tru - Schola Solensis syng adventvesper i år også. 

Det blir i Stavanger domkyrkje, sundag 16. desember kl 16.30 - cirka 17.00.  
Fri entré - Kollekt v/utg.


Vesper er ei av tidebønene i klosterdøgnet, og den bønen som innleiar kvelden. Du kan innleie jula denne ettermiddagen ... 


Schola Solensis syng den eldste kyrkjemusikken, på latin, men dei vakre tonane og orda, har mykje å seie til oss i dag. Set deg ned litt og lytt, og kjenn etter om ikkje freden senkar seg





I beit for ei julegåve?

Kva med å gi ein konsert-invitasjon? 
- Følg oss på Facebook og hald deg oppdatert på kor og kva tid vi syng.

 Eller kva med å gi cd-en "Psallat ecclesia" (produsent: Wolfgang Plagge)? 
- Spør ved utgangen eller ta kontakt med oss i scholaen, så ordnar vi det. Du finn songane på iTunes og Spotify òg

tirsdag 21. august 2018

Predicasti Dei Care


Konsertane som Schola Solensis hadde i Falnes kyrkje og Avaldsnes kyrkje på Karmøy dagen før Olsok (29. juli), var ei historisk relansering av ein hittil ukjent del av den vesle og svært så eksklusive Olavs-musikken som me har i arv frå norsk mellomalder (1200-talet).
-Første vers av Olavs-sekvensen kjent som «Predicasti Dei care» blei rekna som tapt, men i fjor dukka førsteverset opp i eit fragment i ei svensk kjelde, seier forskar og Schola-medlem Åslaug Ommundsen, UiB. Ho formidla frå sine funn, og hennar forsking på handskrifter frå mellomalderen, til eit svært så interessert og lyttande publikum som deltok på Olavsdagane på Karmøy.
Schola Solensis har nytta dei eldste handskriftene i vår innøving av sekvensen, som no, etter relanseringa, bør endra namn frå «Predicati Dei care» til «Salutamus te».
Koret framførte også sekvensen «Lux illuxit laetabunda» som er eit storverk frå Olavsmusikken. Desse to sekvensane blei brukt i feiringa av Olav Haraldsson (Olav den heilage, konge i Norge frå 1015-1028) i mellomalderen i heile Norge, og særleg i Nidaros i Trondheim, fram til reformasjonen (år 1537).
Melodiane frå dei to sekvensane har overlevd fram til i dag. I Norsk salmebok finst den nynorske oversettinga «Ljoset over landet dagna». Organistane Arnfinn Tobiassen og Lars Inge Tjøstheim framførte fleire storslåtte improvisasjonar over denne salmen.
Og medan regn- og toreveret spela sin himmelske og dramatiske melodi over tårnet på Olavs-kyrkja på Karmøy, framførte Schola Solensis den komplette versjonen av «Salutamus te».
Me takkar for oppdraget.
Har du óg lyst til å høyre resultatet? 1. september arrangerer Utstein Pilegrimsgard seminar med komponist og professor Wolfgang Plagge og Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin, UiB. Her vil Schola Solensis framføre den gjenfunne Olavsmusikken.
Påmelding innen 30. august på utsteinpilegrimsgard.no
Vil du sjå kva me har att av Olavsmusikken? UiB har publisert virtuelle handskrifter, og "The Saint Olaf Sequentiary" finn du på nettsida fragment.uib.no

lørdag 21. juli 2018

Konsertar på Karmøy

Laurdag 28. juli er det olsokkonsertar i to kyrkjer på Karmøy: Falnes kyrkje (klokka 18.00) og Avaldsnes kyrkje (kl. 21.00). 
Prof. Åslaug Ommundsen vil fortelja om forskinga si knytta til denne musikken. Åslaug er god til å fortelja om forskinga, og ho gjer det slik at vi alle kan forstå og lære meir om den gregorianske musikken i Noreg i mellomalderen.
Kantorane Arnfinn Tobiassen og Lars Inge Tjøstheim bidrar med norsk orgelmusikk basert på Olavsmusikken. Sentralt står sekvensen som på norsk blir kalla "Ljoset over landet dagna".
Konserten er eit samarbeid mellom Karmøy orgelkonsertar og Olavsdagane i Avaldsnes. Om det ikkje passar klokka 18.00 kan du få med deg same konserten i Avaldsnes kyrkje klokka 21.00.

Inngangspengar kr 150,-. Velkomen!

http://www.falneskirke.no/Artikler/Nyheter/ArticleId/59803/Olsokkonsert-i-Falnes-28-juli-kl-18


tirsdag 6. mars 2018

Konsert i Sola ruinkyrkje torsdag 22. mars, 2018

Tradisjonen tru framfører Schola Solensis eit utsøkt knippe av den vakre musikken som er laga i samband med feiringa av Maria bodskapsdag (25. mars). 

Det blir gregoriansk song, men òg stemningsfull musikk av Anne Gundersen, blokkfløyter. 

Velkommen til Sola ruinkyrkje torsdag 22. mars klokka 19:00 - 19:45

Konserten er gratis. 
Kollekt.


Fotografi av taket i Santa Maria Maggiore, Roma
(Hilde Garlid)