Følg lenka og få nokre musikalske smaksprøvar frå Schola Solensis sin forrige CD, "Psallat ecclesia".
Smakebit: "Psallat ecclesia" (CD)
Schola Solensis har sidan 1995 gått på oppdagingsferder i den gregorianske songen, og funne spanande stoff som venta på å bli framført. Vi gler oss over å få liv i gløymde songar frå mellomalderen, og gjenskape dei for moderne tilhøyrarar. Vi knyttar gjerne forteljingar til songane våre.
søndag 28. april 2013
torsdag 18. april 2013
Gjekk du glipp av dette arrangementet?
Abbedens hus opna
Fredag 21.6.2013 blei Abbedens hus opna. Schola Solensis fekk æra av å syngje på opninga av bygget. I 1995 blei scholaen starta som eit prosjektkor for å syngje på opninga av Sola ruinkyrkje, og no, nesten tjue år seinare fekk vi altså vere med å opne nok eit gjenoppbygd mellomalderbygg.
Abbedens hus er blitt eit vakkert bygg; berre taket kan få ein til å sukke henført. Eit flott bygg å syngje gregoriansk song i.
Omtale av opninga i Stavanger Aftenblad:
NRK Rogaland sitt innslag om Abbedens hus kan du sjå her (og det er altså ikkje Schola Solensis som syng i bakgrunnen; så mandige røyster har vi ikkje:):
http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland/dkro99062113/21-06-2013#t=6m18s
..............................................................
Mariakonsert i Sola ruinkyrkje
Velkommen til konsert med Schola Solensis!Denne onsdagskvelden vil vi framføre eit utval songar knytte til Maria. Dei ulike songane blir brukte til ulike tider i kyrkjeåret, og vi vil syngje både "kvardags-" og festversjonen av dei fleste songane. I tillegg vil du få høyre ei marialegende.
Fri entré - Kollekt.
Informasjon om arrangementet finn du òg på Facebook:
Mariakonsert - 24. april 2013 - kl. 19.30 - Sola ruinkyrkje
- Er du interessert i å prøvesyngje? Ta kontakt med dirigenten vår, Ragnhild Agathe Hadland.
Abonner på:
Innlegg (Atom)