søndag 5. februar 2023

Lyden av ei kyrkje, onsdag 22. februar, 2023


Det gregorianske kvinnekoret Schola Solensis inviterer til konserten «Lyden av ei kyrkje».

Dette er ei kulturhistorisk oppleving der koret formidlar Sola ruinkyrkje si historie, krydra med vakker, gregoriansk song fra mellomalderen. Programmet har eit historisk spenn på 900 år. Frå kyrkjas mellomalderklang, via kunstnarboligen til dagens bryllaupskyrkje. Vi guida deg til dei synlege spora etter denne 900 år lange historia.



Praktisk informasjon:

Konserten er i Sola ruinkyrkje, onsdag 22. februar, 2023, klokka 19:00. Programmet varer ca. 45 minutt. Gratis entre. Kollekt/ Vipps