torsdag 17. november 2022

Adventsvesper, måndag 5. des. 2022


Det gregorianske koret Schola Solensis tar deg med til middelalderens rytme, der tidebøner delte inn døgeret. 

Måndag 5.desember kl 18.00 syng vi ein latinsk vesper, med adventtidas forventningsfulle dåm. 

Kvinnekoret Schola Solensis øver og har konsertar i Sola ruinkyrkje. Slik held vi den gregorianske songen levande i denne vakre mellomalderkyrkja. Adventvesper har vi sunge årleg i meir enn 25 år. 

Gje deg sjølv ein annleis start på årets adventtid.