tirsdag 21. august 2018

Predicasti Dei Care


Konsertane som Schola Solensis hadde i Falnes kyrkje og Avaldsnes kyrkje på Karmøy dagen før Olsok (29. juli), var ei historisk relansering av ein hittil ukjent del av den vesle og svært så eksklusive Olavs-musikken som me har i arv frå norsk mellomalder (1200-talet).
-Første vers av Olavs-sekvensen kjent som «Predicasti Dei care» blei rekna som tapt, men i fjor dukka førsteverset opp i eit fragment i ei svensk kjelde, seier forskar og Schola-medlem Åslaug Ommundsen, UiB. Ho formidla frå sine funn, og hennar forsking på handskrifter frå mellomalderen, til eit svært så interessert og lyttande publikum som deltok på Olavsdagane på Karmøy.
Schola Solensis har nytta dei eldste handskriftene i vår innøving av sekvensen, som no, etter relanseringa, bør endra namn frå «Predicati Dei care» til «Salutamus te».
Koret framførte også sekvensen «Lux illuxit laetabunda» som er eit storverk frå Olavsmusikken. Desse to sekvensane blei brukt i feiringa av Olav Haraldsson (Olav den heilage, konge i Norge frå 1015-1028) i mellomalderen i heile Norge, og særleg i Nidaros i Trondheim, fram til reformasjonen (år 1537).
Melodiane frå dei to sekvensane har overlevd fram til i dag. I Norsk salmebok finst den nynorske oversettinga «Ljoset over landet dagna». Organistane Arnfinn Tobiassen og Lars Inge Tjøstheim framførte fleire storslåtte improvisasjonar over denne salmen.
Og medan regn- og toreveret spela sin himmelske og dramatiske melodi over tårnet på Olavs-kyrkja på Karmøy, framførte Schola Solensis den komplette versjonen av «Salutamus te».
Me takkar for oppdraget.
Har du óg lyst til å høyre resultatet? 1. september arrangerer Utstein Pilegrimsgard seminar med komponist og professor Wolfgang Plagge og Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin, UiB. Her vil Schola Solensis framføre den gjenfunne Olavsmusikken.
Påmelding innen 30. august på utsteinpilegrimsgard.no
Vil du sjå kva me har att av Olavsmusikken? UiB har publisert virtuelle handskrifter, og "The Saint Olaf Sequentiary" finn du på nettsida fragment.uib.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar