lørdag 5. januar 2013

Kven er vi?

Schola Solensis har sidan 1995 gått på oppdagingsferder i den gregorianske songen, og funne spanande stoff som venta på å bli framført. Me gler oss over å få liv i gløymde songar frå mellomalderen, og gjenskape dei for moderne tilhøyrarar. Frå eit stort repertoar set me saman gode konsertprogram, og er òg opne for særskilde ønske.

Songane er henta frå det gregorianske kjernematerialet og frå meir uvanlege, norske kjelder. Schola Solensis syng fleire av dei vakre hymnene og antifonane som vart skrivne til jomfru Maria. Til henne kunne folk i heile den kristne verda vende seg for hjelp og forbøn. Me brukar å gje jomfru Maria særskild merksemd i tida rundt marimesse 25. mars.

I den norske kristentrua vart Olav den heilage (d. 1030) tidleg ein helgen folk kunne samle seg om. Han  fekk sin eigen musikk, som er bevart i gamle mellomalderkjelder. Schola Solensis hentar gjerne fram Olavsmusikken til Olsokfeiringa 29. juli og andre høve. Ei anna feiring, særeigen for Nidaros, var festen for ein dyrebar relikvie som kom til Nidarosdomen september 1165: Kristi blod i ein gullring. Til denne festen vart det skrive eit eige officium. Fleire av songane herifrå framfører me jamleg på konsertane våre.

Dei siste åra har Schola Solensis utforska den særeigne sjangeren sekvensen, som var ein viktig del av kyrkjesongen i Noreg og Europa i mellomalderen.

Arbeidet med Thomas Becket-sekvensen "Aquas plenas" og Olav-sekvensen "Lux illuxit" lokka oss til å gå eit steg vidare, og på eiga hand leite fram sekvensar frå gamle kjelder. I oktober 2002 kunne me for første gong på nær 500 år framføre sekvensen for Stavangers skytshelgen, St. Svithun, "Psallat ecclesia mater decora".

Schola Solensis syng no sekvensar for advent, jul og påske, samt sekvensar for helgenane St. Laurentius, som Utstein klosterkyrkje er innvigd til, Sta. Sunniva, skytshelgen for Bergen, St. Nicholas, Sta. Lucia og Sta. Agatha.

..........................
Frå 1995 til 2004 kalla koret seg Schola Canto Gregoriano Sola. I 2004 skifta koret namn til  Schola Solensis.
..........................

CD-utgjevingar

2001: "Aquas plenas". (Spelt inn på Utstein kloster.)

2011: "Psallat ecclesia - sequences from medieval Norway". (Spelt inn i Ringsaker kirke, 1.-4. oktober 2009 av Lindberg Lyd AS. Recording producer: Wolfgang Plagge.)


BOOKING-informasjon

Ønsker du å booke Schola Solensis til eit oppdrag?
Har du ønsker om ein kort konsert? Ein lengre konsert? Forteljingar knytta til det vi syng? Vil du vi skal seie noko om gregoriansk song? Har du song-ønske? Vil du vi skal fortelje om Sola ruinkyrkje? Vil du overraske ein jubilant?
Ikkje nøl med å ta kontakt med dirigenten vår!

Do you want to book Schola Solensis?
Please contact our conductor!

BOOKING:
Ragnhild A. Hadland
+47 975 13 100
ragnhild.hadland@lyse.net

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.