Velkommen til "Sola, frå mellomalderkyrkje til ruinkyrkje. Ei reise i ord og tonar" ved Mellomalderarkeolog Alf Tore Hommedal og det gregorianske koret Schola Solensis.
onsdag 12. mar kl. 19.30 - Sola ruinkyrkje |
Schola Solensis
Då Ruinkyrkja var opna på nytt i 1995 meinte nokon at det burde vore middelaldermusikk i kyrkja og slik vart det gregorianske koret starta. Dei åtte kvinnene som syng i koret Schola Solensis i dag utgjer eit av to slike kvinnekor i Noreg. Det andre er i Nidarosdomen. Schola Solensis har på desse 30 år framført gløymde gregorianske songar på mange konsertar i inn- og utland. Koret øver i Ruinkyrkja, har konsertar der, syng på latin og skriv på nynorsk. Og no skal dei vera tonefylgje til soga om Ruinkyrkja.
Dirigent er Ragnhild A. Zetterstrøm.
Alf Tore Hommedal arbeidde i 13 år (1982-1995) med grunnlaget for og gjennomføringa av prosjektet som førte fram til dagens Sola ruinkyrkje. Arbeidet innebar alt frå registrering av gjenfunne bygningsdelar (1982-83), til gjenskaping av korbogen (1983) og opninga mot vest (1984), arkeologisk utgraving (1986), utarbeiding av grunnlagsmaterialet for arkitektkonkurransen som kom i 1989, medlem i juryen og skrivinga av juryens innstilling, antikvarisk ansvarleg under heile gjenreisingsprosessen til arkitekt Louis Kloster, som kom inn i bildet i 1989-1990 av. Hommedal var kulturminnefagleg ansvarleg for heile prosessen som førte fram til dagens Sola ruinkyrkje, og vil fortelje om denne prosessen og om kunnskap som kom fram om kyrkjebygningen på Sola frå mellomalderen på Sola. Hommedal er no professor i mellomalderarkeologi og bygningsarkeologi ved Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen.
Varighet: 1,5 time
Billettar får du tak i her: https://www.solakulturhus.no/event/fra-mellomalderkyrkje-til-ruinkyrkje/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.