mandag 6. november 2017

Adventsvesper i Stavanger domkirke

Tradisjonen tru syng Schola Solensis vesper andre sundag i advent. I år gjestar me Domkyrkja i Stavanger.
10. desember kl 16.30.
Vesper er ein av dei sju litturgiske tidebønene som blir sunge i kloster og i katolsk tradisjon. Skikken med å be til faste tider i løpet av døgnet går tilbake til urkristendommen, og vesper, som blir sunge om ettermiddagen, har nok vore eit av hjarteslaga i Stavanger domkyrkje i tidlegare tider.

Bli med på ei stemingsfull og meiningsfull musikalsk reise tilbake i tid der bøner blei sunge.