fredag 24. juni 2016

Solesmes, Pays-de-Loire

Sundag 19. juni til torsdag 23. juni 2016


Songarane i Schola Solensis har hatt eit heilt fantastisk inspirerande opphald i Solesmes i Frankrike! Vi hadde sett fram til å få møte fader Bruno Lutz, korleiar i klosteret Abbaye Saint-Pierre Solesmes. Vi visste at vi skulle ha ein kyrkjekonsert (men ikkje at vi skulle få lov til å synge inne i sjølve klosterkyrkja), og vi håpa på å få eit møte med nonnene i Abbaye Sainte-Cécile de Solesmes. Takka vere vår svenske reiseleiar og døropnar, Madame Berit, fekk vi oppleve så uendeleg mykje meir enn vi hadde våga håpe på!

Det må vere travelt å vere munk og nonne: Heile sju gonger i døgeret syng dei tidebøner. Laudes, Messe, Vesper og Completorium er opne for oss vanlege folk. Desse varer frå 25-30 minutt til ein time. Her blir det ikkje lese eller sagt eit ord; ein syng alt frå bibeltekstar til bøner, og når vi seier "ein syng", meiner vi eigentleg "dei syng", for vi deltar ved å vere til stades og lytte. Keisamt, tenker du kanskje? Ikkje i det heile tatt, er vår røynsle! Den gregorianske songen har ein energi og ei kraft i seg som løfter deg og gir deg indre fred på same tid. For oss songarar var det sjølvsagt lærerikt og inspirerande å høyre korleis ekspertane fraserer og ikkje minst avfraserer, kor dei pustar og kor dei ikkje pustar og så vidare.

Fader Bruno tok seg tid til å undervise oss heile fire økter, og det var verkeleg ei gledeleg overrasking! Fryde-fæle er kanskje ordet som skildrar best desse møta. Han gav oss mange gode råde om kva vi skal jobbe meir med i tida framover, og ikkje minst gav han oss nokre enkle metodar vi kan nytte for å jobbe med dette. Han hadde også med seg bøker med fotografiske faksimiler av handskrift som viste dei ulike stega i måten å notere den gregorianske songen på.



Vi fekk også to sterke møte med nonnene. Tysdag ettermiddag var vi på vesper i nonnene si klosterkyrkje, og etterpå var vi inviterte inn i samtalerommet for å synge for dei. Ikkje til forkleining av nokon, men dei var eit fantastisk godt publikum! Inger Hagerup skriv i diktet "Episode" om "den spente streng fra hans til hennes hjerte", og sånn var det å synge for nonnene; det var som spente strengar frå hjarte til hjarte. Det er ei eiga sjukeavdeling i klostera, og nonner og munkar som er utdanna sjukepleiarar jobbar her. Då vi song for nonnene, tok dei oss opp på band, for å kunne spele av konserten for dei som var for sjuke til å komme ned.



Onsdagen fekk vi eit personleg møte med ei nonne som har levd i klosteret i 54 år. Nonnene lever innanfor "la clôture", og dei går berre ut om det er absolutt naudsynt. Samtalerommet er delt i to av ein vegg med solid gitter. Til og med når dei skal møte familien sin, er dei på kvar si side av dette gitteret. Dei får lov til å stikke hendene gjennom gitteret, men det er alt. For oss var dette underleg og opprivande å høyre, men nonna sa vi måtte hugse på at alle nonnene var der av eiga fri vilje - men det er vondt for foreldra i starten, la ho til.  At dei lever innanfor klosterets murar tyder ikkje at dei aldri er ute i frisk luft: Kloster har enorme eigedomar og vakre hageanlegg som nonnene nyttar mellom anna til å gå eller springe seg ein tur.



Følg lenkene under for å vitje klostera sine heimesider:

http://www.saintececiledesolesmes.org

http://www.solesmes.com/office-recordings-video

tirsdag 26. april 2016

Sommardagar i Solesmes

I juni 2016 skal vi i Schola Solensis til Solesmes i Frankrike for å lære meir om den gregorianske songen. Vi er glade og spente, og ikkje reint lite stolte, over å ha fått invitasjonen.
Her kan dokker lese om Abbaye Saint-Pierre: http://www.solesmes.com/
Det kjem nok eit reisebrev seinare.

lørdag 12. mars 2016

Konsert måndag 14. mars 2016

Gregoriansk musikk lovprisar Maria som Guds mor og himmeldronninga, men også som ein omsorgsfull og nådefull person.

14. mars 2016, kl 20.00 blir det ein kort konsert med gregoriansk song i Sola ruinkyrkje med tema Maria.

Fri entré - Kollekt ved utgangen