onsdag 20. november 2024

Adventsvesper 2024



Måndag 9. desember kl. 18.00 blir det igjen adventsvesper i Sola ruinkyrkje.

Set du av omlag ein halvtime til gregoriansk song denne kvelden, skal vi gjere vårt for å skape førjulsstemning og ro, i det som kan vere ei travel tid for mange.

Du er hjarteleg velkommen! 

(Kollekt ved utgangen) 

fredag 5. juli 2024

Konsert lørdag 6.juli

 LØRDAG 6. JULI KL. 12.00, ST. PETRI KIRKE

Arrangør: Stavanger domkirke/ St. Petri kirke

Konsertomtale :

"Denne sommeren inviterer vi til gratis orgelkonserter alle lørdager i skoleferien - pluss litt til. Hver lørdag i perioden 15/6 til 17/8 kan du oppleve lokale og tilreisende organister som gir konserter i St. Petri kirke. Konsertene har en varighet på 45 minutter.

Synnøve Seibt er kantor i Kampen kirke. Her leder hun et rikt musikkliv. Høsten 2024 deltar hun som instruktør på ungdomskurset under Norsk orgelfestival.

Schola Solensis har siden 1995 gått på oppdagelsesferd i den gregorianske sangen, og funnet spennende stoff som venter på å bli framført. Koret er kjent for å få liv i glemte sanger fra middelalderen, og gjenskaper disse for moderne tilhørere. 

På denne konserten blir det musikk av Kverno, Olsson, Scheidt m.fl."

onsdag 6. mars 2024

Mariakonsert 13. mars 2024


Onsdag 13. mars kl. 19.00 kan du oppleve gregoriansk song og strengeinstrumentet nøkkelharpe i Sola ruinkyrkje. I Sverige er det mange gamle kyrkjer som har måleri som viser englar som speler nøkkelharpe; dette er altså englanes musikk!

Medverkande: Hans Björkroth, nøkkelharpe og Schola Solensis.

(Kollekt)

onsdag 22. november 2023

Adventsvesper, 2023


Måndag 11.desember kl 18.00 syng det gregorianske koret Schola Solensis adventvesper i Sola ruinkyrkje. 

Velkommen til ei musikalsk oppleving med den eldste kyrkjemusikken vi har her i landet.

Fri entré - Kollekt ved utgangen

fredag 20. oktober 2023

Hint av jul


Søndag 22.oktober, 2023 inviterer Schola Solensis til konsert i Sola ruinkyrkje kl 16.30. Folkemusiker Berit Opheim synger folketoner med et hint av jul. 

Her et lite hint fra i vår. Da deltok Berit Opheim i vår musikalske feiring av Maria budskapsdag.

Gratis inngang. Kollekt.

søndag 5. februar 2023

Lyden av ei kyrkje, onsdag 22. februar, 2023


Det gregorianske kvinnekoret Schola Solensis inviterer til konserten «Lyden av ei kyrkje».

Dette er ei kulturhistorisk oppleving der koret formidlar Sola ruinkyrkje si historie, krydra med vakker, gregoriansk song fra mellomalderen. Programmet har eit historisk spenn på 900 år. Frå kyrkjas mellomalderklang, via kunstnarboligen til dagens bryllaupskyrkje. Vi guida deg til dei synlege spora etter denne 900 år lange historia.



Praktisk informasjon:

Konserten er i Sola ruinkyrkje, onsdag 22. februar, 2023, klokka 19:00. Programmet varer ca. 45 minutt. Gratis entre. Kollekt/ Vipps



torsdag 17. november 2022

Adventsvesper, måndag 5. des. 2022


Det gregorianske koret Schola Solensis tar deg med til middelalderens rytme, der tidebøner delte inn døgeret. 

Måndag 5.desember kl 18.00 syng vi ein latinsk vesper, med adventtidas forventningsfulle dåm. 

Kvinnekoret Schola Solensis øver og har konsertar i Sola ruinkyrkje. Slik held vi den gregorianske songen levande i denne vakre mellomalderkyrkja. Adventvesper har vi sunge årleg i meir enn 25 år. 

Gje deg sjølv ein annleis start på årets adventtid. 

torsdag 24. mars 2022

Mariakonsert, mandag 28. mars kl 18:30, Sola ruinkyrkje

Det gregorianske koret Schola Solensis inviterer til konsert i Sola ruinkyrkje for å markere Maria budskapsdag. 

Maria hylles i middelalderen som mor og helgen med svært vakker musikk. Schola Solensis formidler noen av den eldste musikken som finnes. 

Vi har med oss musikalske gjester. 

Konserten er gratis. Kollekt 

tirsdag 9. november 2021

Adventsvesper 6. des. 2021, kl. 20:00, Sola ruinkyrkje


Endeleg blir det gregoriansk adventsvesper i Sola ruinkyrkje igjen.

I år skjer det måndag 6. desember, klokka 20:00.

Vi håper du har høve til å setje av ein god halvtime med oss i Schola Solensis.

Velkomen skal du vere!

Gratis entré - kollekt

torsdag 15. april 2021

Schola Solensis på Instagram

@schola.solensis

Det er oss det, og vi vil gjerne ha fleire følgjarar!
Sjølv om du ikkje er blitt invitert til konsert av oss på eit år, har vi ikkje gitt oss. Om vi ikkje kan synge saman kvar veke slik vi pleier, har vi mange spennande planer. Og ja, vi har, som alle andre, planlagt mykje som vi har avlyst dette året, men vi gir oss ikkje! Mens vi ventar på lystigare tider har vi nytta tida til å grave i den gregorianske songskatten, vi les oss opp og ser leiter fram, og testar ut nye prosjekt - nokre ligg eit stykke fram i tid, andre kan realiserast så snart det er lov. 

Vi håper vi snart kan sjå deg. Hald deg gjerne oppdatert på Facebook og Instagram i ventetida, og nytt gjerne emneknaggen #scholasolensis 

søndag 16. august 2020

Avlyst: Søndag 13. september, 2020: Konsert på Utstein kloster

Velkommen til klosterkirken på Utstein kloster, kl. 14.00.

Kirken på Utstein er viet den hellige Laurentius, martyren som er skytshelgen for diakoner, de fattige, kullbrennere, brannmenn, kokker, bakere, strykere, vaskere, kaféverter, ølbryggere, forvaltere, glassmestere, elever, studenter, arkivarer og bibliotekarer. Hans navn blir også brukt i bønner mot brannskader, ild, feber; mot ryggsmerter, hekseskudd og isjias; mot skjærsildens kvaler.

Schola Solensis har laget et konsertprogram som forteller historien om helgenen Laurentius, om kirken på Utstein og klosterliv i middelalderen med vakker, gregoriansk sang.
Det er flere grunner for å legge søndagsturen til Mosterøy helgen 12.-13.september. Det blir arrangert vikingmarked; en perfekt ramme for et konsertbesøk i klosterkirken.
Billettsalg.

torsdag 19. desember 2019

Søndag 22. desember i Stavanger konserthus

Vi er spente og gler oss til søndag 22. desember; vi er nemleg inviterte med på konsert. Og vi snakkar Stavanger konserthus i Fartein Valen-salen, med Nils Henrik Asheim.Vi er audmjuke og stolte over oppdraget.

Slik omtaler Stavanger konserthus konserten: 
Denne konserten er en enestående anledning til å se animasjoner av kunstverk med sakrale motiver. Her en utrolig flott og spesiell versjon av Maria med barnet fra Book of Kells, 800-tallet, Irland. Nils Henrik Asheim spiller sin egen improviserte musikk. I alt 16 bilder vises på denne måten - "avdukes" bit for bit mens et musikkstykke spilles.



https://www.facebook.com/konserthus

Her er meir informasjon om hendinga:
https://www.stavanger-konserthus.no/event/mysteriets-ansikter-orgelets-julekonsert/


torsdag 12. desember 2019

Adventsvesper 2019

Søndag 15. desember klokka 19.00 er det adventsvesper i Stavanger domkirke. Denne gongen er Øivind Holtedahl med oss.

Du er hjarteleg velkommen til ein fredfull halvtime.

(Fri entré/ kollekt)

onsdag 20. mars 2019

Konsert Mariabodskapsdag

Måndag 25. mars 2019 

kl. 20.00 - 20.45 

Sola Ruinkyrkje




Maria bodskapsdag feirar vi livets under med gregoriansk konsert. Det er med fryd vi presenterer harpespelar Diána Emese Gál, som løftar konsertopplevinga til himmelske høgder!

søndag 18. november 2018

Adventsvesper

Tradisjonen tru - Schola Solensis syng adventvesper i år også. 

Det blir i Stavanger domkyrkje, sundag 16. desember kl 16.30 - cirka 17.00.  
Fri entré - Kollekt v/utg.


Vesper er ei av tidebønene i klosterdøgnet, og den bønen som innleiar kvelden. Du kan innleie jula denne ettermiddagen ... 


Schola Solensis syng den eldste kyrkjemusikken, på latin, men dei vakre tonane og orda, har mykje å seie til oss i dag. Set deg ned litt og lytt, og kjenn etter om ikkje freden senkar seg





I beit for ei julegåve?

Kva med å gi ein konsert-invitasjon? 
- Følg oss på Facebook og hald deg oppdatert på kor og kva tid vi syng.

 Eller kva med å gi cd-en "Psallat ecclesia" (produsent: Wolfgang Plagge)? 
- Spør ved utgangen eller ta kontakt med oss i scholaen, så ordnar vi det. Du finn songane på iTunes og Spotify òg

tirsdag 21. august 2018

Predicasti Dei Care


Konsertane som Schola Solensis hadde i Falnes kyrkje og Avaldsnes kyrkje på Karmøy dagen før Olsok (29. juli), var ei historisk relansering av ein hittil ukjent del av den vesle og svært så eksklusive Olavs-musikken som me har i arv frå norsk mellomalder (1200-talet).
-Første vers av Olavs-sekvensen kjent som «Predicasti Dei care» blei rekna som tapt, men i fjor dukka førsteverset opp i eit fragment i ei svensk kjelde, seier forskar og Schola-medlem Åslaug Ommundsen, UiB. Ho formidla frå sine funn, og hennar forsking på handskrifter frå mellomalderen, til eit svært så interessert og lyttande publikum som deltok på Olavsdagane på Karmøy.
Schola Solensis har nytta dei eldste handskriftene i vår innøving av sekvensen, som no, etter relanseringa, bør endra namn frå «Predicati Dei care» til «Salutamus te».
Koret framførte også sekvensen «Lux illuxit laetabunda» som er eit storverk frå Olavsmusikken. Desse to sekvensane blei brukt i feiringa av Olav Haraldsson (Olav den heilage, konge i Norge frå 1015-1028) i mellomalderen i heile Norge, og særleg i Nidaros i Trondheim, fram til reformasjonen (år 1537).
Melodiane frå dei to sekvensane har overlevd fram til i dag. I Norsk salmebok finst den nynorske oversettinga «Ljoset over landet dagna». Organistane Arnfinn Tobiassen og Lars Inge Tjøstheim framførte fleire storslåtte improvisasjonar over denne salmen.
Og medan regn- og toreveret spela sin himmelske og dramatiske melodi over tårnet på Olavs-kyrkja på Karmøy, framførte Schola Solensis den komplette versjonen av «Salutamus te».
Me takkar for oppdraget.
Har du óg lyst til å høyre resultatet? 1. september arrangerer Utstein Pilegrimsgard seminar med komponist og professor Wolfgang Plagge og Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin, UiB. Her vil Schola Solensis framføre den gjenfunne Olavsmusikken.
Påmelding innen 30. august på utsteinpilegrimsgard.no
Vil du sjå kva me har att av Olavsmusikken? UiB har publisert virtuelle handskrifter, og "The Saint Olaf Sequentiary" finn du på nettsida fragment.uib.no

lørdag 21. juli 2018

Konsertar på Karmøy

Laurdag 28. juli er det olsokkonsertar i to kyrkjer på Karmøy: Falnes kyrkje (klokka 18.00) og Avaldsnes kyrkje (kl. 21.00). 
Prof. Åslaug Ommundsen vil fortelja om forskinga si knytta til denne musikken. Åslaug er god til å fortelja om forskinga, og ho gjer det slik at vi alle kan forstå og lære meir om den gregorianske musikken i Noreg i mellomalderen.
Kantorane Arnfinn Tobiassen og Lars Inge Tjøstheim bidrar med norsk orgelmusikk basert på Olavsmusikken. Sentralt står sekvensen som på norsk blir kalla "Ljoset over landet dagna".
Konserten er eit samarbeid mellom Karmøy orgelkonsertar og Olavsdagane i Avaldsnes. Om det ikkje passar klokka 18.00 kan du få med deg same konserten i Avaldsnes kyrkje klokka 21.00.

Inngangspengar kr 150,-. Velkomen!

http://www.falneskirke.no/Artikler/Nyheter/ArticleId/59803/Olsokkonsert-i-Falnes-28-juli-kl-18


tirsdag 6. mars 2018

Konsert i Sola ruinkyrkje torsdag 22. mars, 2018

Tradisjonen tru framfører Schola Solensis eit utsøkt knippe av den vakre musikken som er laga i samband med feiringa av Maria bodskapsdag (25. mars). 

Det blir gregoriansk song, men òg stemningsfull musikk av Anne Gundersen, blokkfløyter. 

Velkommen til Sola ruinkyrkje torsdag 22. mars klokka 19:00 - 19:45

Konserten er gratis. 
Kollekt.


Fotografi av taket i Santa Maria Maggiore, Roma
(Hilde Garlid)

mandag 6. november 2017

Adventsvesper i Stavanger domkirke

Tradisjonen tru syng Schola Solensis vesper andre sundag i advent. I år gjestar me Domkyrkja i Stavanger.
10. desember kl 16.30.
Vesper er ein av dei sju litturgiske tidebønene som blir sunge i kloster og i katolsk tradisjon. Skikken med å be til faste tider i løpet av døgnet går tilbake til urkristendommen, og vesper, som blir sunge om ettermiddagen, har nok vore eit av hjarteslaga i Stavanger domkyrkje i tidlegare tider.

Bli med på ei stemingsfull og meiningsfull musikalsk reise tilbake i tid der bøner blei sunge.

søndag 26. mars 2017

Tonar frå himmelen - Maria bodskapsdag



"Men engelen sa til henne: «Frykt ikke, Maria! For du har funnet nåde hos Gud. Hør! Du skal bli med barn og føde en sønn, og du skal gi ham navnet Jesus".

25. mars er Maria bodskapsdag i den kristne kalender. Dagen markerer me i Schola Solensis på ypperste vis, med kveldskonsert i Sola ruinkyrkje måndag 27. mars kl 20.00.

Med stor beundring og entusiasme har me nyleg blitt kjent med harpespelaren Diána Emese Gál. Det er himmelsk vakkert det ho formidlar frå sitt sjeldne instrument. Diana blir med oss og feirar dagen, bodskapen og ho som fann nåde hos Gud.


http://www.harpejoe.com/
https://www.facebook.com/harpejoe/?fref=ts
https://www.facebook.com/events/423202674693697/