Schola Solensis har sidan 1995 gått på oppdagingsferder i den gregorianske songen, og funne spanande stoff som venta på å bli framført. Vi gler oss over å få liv i gløymde songar frå mellomalderen, og gjenskape dei for moderne tilhøyrarar. Vi knyttar gjerne forteljingar til songane våre.
søndag 26. mars 2017
Tonar frå himmelen - Maria bodskapsdag
"Men engelen sa til henne: «Frykt ikke, Maria! For du har funnet nåde hos Gud. Hør! Du skal bli med barn og føde en sønn, og du skal gi ham navnet Jesus".
25. mars er Maria bodskapsdag i den kristne kalender. Dagen markerer me i Schola Solensis på ypperste vis, med kveldskonsert i Sola ruinkyrkje måndag 27. mars kl 20.00.
Med stor beundring og entusiasme har me nyleg blitt kjent med harpespelaren Diána Emese Gál. Det er himmelsk vakkert det ho formidlar frå sitt sjeldne instrument. Diana blir med oss og feirar dagen, bodskapen og ho som fann nåde hos Gud.
http://www.harpejoe.com/
https://www.facebook.com/harpejoe/?fref=ts
https://www.facebook.com/events/423202674693697/
fredag 24. juni 2016
Solesmes, Pays-de-Loire
Sundag 19. juni til torsdag 23. juni 2016
Songarane i Schola Solensis har hatt eit heilt fantastisk inspirerande opphald i Solesmes i Frankrike! Vi hadde sett fram til å få møte fader Bruno Lutz, korleiar i klosteret Abbaye Saint-Pierre Solesmes. Vi visste at vi skulle ha ein kyrkjekonsert (men ikkje at vi skulle få lov til å synge inne i sjølve klosterkyrkja), og vi håpa på å få eit møte med nonnene i Abbaye Sainte-Cécile de Solesmes. Takka vere vår svenske reiseleiar og døropnar, Madame Berit, fekk vi oppleve så uendeleg mykje meir enn vi hadde våga håpe på!
Det må vere travelt å vere munk og nonne: Heile sju gonger i døgeret syng dei tidebøner. Laudes, Messe, Vesper og Completorium er opne for oss vanlege folk. Desse varer frå 25-30 minutt til ein time. Her blir det ikkje lese eller sagt eit ord; ein syng alt frå bibeltekstar til bøner, og når vi seier "ein syng", meiner vi eigentleg "dei syng", for vi deltar ved å vere til stades og lytte. Keisamt, tenker du kanskje? Ikkje i det heile tatt, er vår røynsle! Den gregorianske songen har ein energi og ei kraft i seg som løfter deg og gir deg indre fred på same tid. For oss songarar var det sjølvsagt lærerikt og inspirerande å høyre korleis ekspertane fraserer og ikkje minst avfraserer, kor dei pustar og kor dei ikkje pustar og så vidare.
Fader Bruno tok seg tid til å undervise oss heile fire økter, og det var verkeleg ei gledeleg overrasking! Fryde-fæle er kanskje ordet som skildrar best desse møta. Han gav oss mange gode råde om kva vi skal jobbe meir med i tida framover, og ikkje minst gav han oss nokre enkle metodar vi kan nytte for å jobbe med dette. Han hadde også med seg bøker med fotografiske faksimiler av handskrift som viste dei ulike stega i måten å notere den gregorianske songen på.
Vi fekk også to sterke møte med nonnene. Tysdag ettermiddag var vi på vesper i nonnene si klosterkyrkje, og etterpå var vi inviterte inn i samtalerommet for å synge for dei. Ikkje til forkleining av nokon, men dei var eit fantastisk godt publikum! Inger Hagerup skriv i diktet "Episode" om "den spente streng fra hans til hennes hjerte", og sånn var det å synge for nonnene; det var som spente strengar frå hjarte til hjarte. Det er ei eiga sjukeavdeling i klostera, og nonner og munkar som er utdanna sjukepleiarar jobbar her. Då vi song for nonnene, tok dei oss opp på band, for å kunne spele av konserten for dei som var for sjuke til å komme ned.
Onsdagen fekk vi eit personleg møte med ei nonne som har levd i klosteret i 54 år. Nonnene lever innanfor "la clôture", og dei går berre ut om det er absolutt naudsynt. Samtalerommet er delt i to av ein vegg med solid gitter. Til og med når dei skal møte familien sin, er dei på kvar si side av dette gitteret. Dei får lov til å stikke hendene gjennom gitteret, men det er alt. For oss var dette underleg og opprivande å høyre, men nonna sa vi måtte hugse på at alle nonnene var der av eiga fri vilje - men det er vondt for foreldra i starten, la ho til. At dei lever innanfor klosterets murar tyder ikkje at dei aldri er ute i frisk luft: Kloster har enorme eigedomar og vakre hageanlegg som nonnene nyttar mellom anna til å gå eller springe seg ein tur.
Følg lenkene under for å vitje klostera sine heimesider:
http://www.saintececiledesolesmes.org
http://www.solesmes.com/office-recordings-video
tirsdag 26. april 2016
Sommardagar i Solesmes
I juni 2016 skal vi i Schola Solensis til Solesmes i Frankrike for å lære meir om den gregorianske songen. Vi er glade og spente, og ikkje reint lite stolte, over å ha fått invitasjonen.
Her kan dokker lese om Abbaye Saint-Pierre: http://www.solesmes.com/
Det kjem nok eit reisebrev seinare.
Her kan dokker lese om Abbaye Saint-Pierre: http://www.solesmes.com/
Det kjem nok eit reisebrev seinare.
lørdag 12. mars 2016
Konsert måndag 14. mars 2016
Gregoriansk musikk lovprisar Maria som Guds mor og himmeldronninga, men også som ein omsorgsfull og nådefull person.
14. mars 2016, kl 20.00 blir det ein kort konsert med gregoriansk song i Sola ruinkyrkje med tema Maria.
Fri entré - Kollekt ved utgangen
14. mars 2016, kl 20.00 blir det ein kort konsert med gregoriansk song i Sola ruinkyrkje med tema Maria.
Fri entré - Kollekt ved utgangen
torsdag 3. desember 2015
Adventsvesper, 2. sundag i advent
LAURDAG 5.12.15 er vi inviterte til å synge adventsvesper i St. Svithun katolske kirke i Stavanger, kl. 17.15.
SUNDAG 6.12.15 syng vi som vanleg adventsvesper i Sola ruinkyrkje.
Fri entré - Kollekt
SUNDAG 6.12.15 syng vi som vanleg adventsvesper i Sola ruinkyrkje.
Fri entré - Kollekt
torsdag 19. november 2015
der har eg det som fisken i vanne'
Vi har kalla konserten "Himmeldronninga".
Arrangementet er ein del av Bergen middelaldermusikkdager. - Vi er glade for nok ein gong å vere inviterte; dette ser vi fram til kvart år!
http://www.bmmd.no/
fredag 2. oktober 2015
Schola Solensis - 20 år!
Invitasjon til 20 års markering for Sola ruinkyrkje og Schola Solensis
Laurdag 31. oktober 2015, kl 12 – 16 i Sola ruinkyrkje
Syng Kyrkje, Syng
Psallat Ecclesia
Føredrag:
- Alf Tore Hommedal, Førsteamanuensis Universitetsmuseet i Bergen, ansvarleg for utgraving av kyrkjeruinen i 1986, og fagkonsulent for gjenreising av kyrkja. Emne: Historia om Sola ruinkyrkje
- Åslaug Ommundsen, Forskar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, Universitetet i Bergen. Emne: Norske handskriftfragment og den gregorianske songen
- Marianne Evensen, Kulturkonsulent i Sola. Emne: Marinemålar Johan J. Bennetter – han som redda ruinkyrkja. Det blir vist måleri.
Schola Solensis syng gregoriansk song mellom innslaga
![]() |
| Schola Solensis. Foto: Gunnar Grøsland |
Påmelding til asbjorg.vaaland@lyse.net innen 17.10. Pris: kr 200. Faktura blir sendt etter registrert påmelding. Arrangør: Schola Solensis i samarbeid med Sola kulturkontor. Enkel servering. Velkomen!
lørdag 26. september 2015
Sørbø kyrkje på Rennesøy - Vesper med noko attåt
Schola Solensis er invitert til å vere med på vesper i Sørbø kyrkje på Rennesøy.
Etter vesperen (som varer ein halvtimes tid) er det kyrkjekaffi og scholaen vil ha eit kort føredrag om gregoriansk song, med innlagte, musikalske eksempel.
Hjarteleg velkommen!
Fri entré
MIDDELALDERKYRKJA SØRBØ: Sørbø kyrkje er ei høgendekyrkje, reist av ein høvding på garden Sørbø i tida mellom år 1130 til 1150, til bruk som soknekyrkje.
Før den vart reist har kristninga vore markert med eit steinkors på Krosshaug, omkring 300 meter fra kyrkja. Det står ein kross der også i dag, og eit bruddstykke av det eldste steinkorset er bevart.

lørdag 22. august 2015
Semesterstart
Måndag 17. august var songsemesteret i gong att for Schola Solensis sin del. Vi har så mange planar; du skulle berre visst!
- Og du skal få vite om alt, men det kjem i mindre porsjonar. Vi kan likevel røpe at vi har tenkt oss til Bergen, vi dukkar nok òg opp i Stavanger domkirke og du kjem heilt garantert til å finne oss i Sola ruinkyrkje - utan samanlikning Noregs vakraste øvingslokale.
Tjueårsjubileum
I 2015 er det tjue år sidan Sola ruinkyrkje blei gjenopna som nettopp ei ruinkyrkje. Schola Solensis feirer same jubileet: scholaen kom til som ei direkte følgje av at Sola ruinkyrkje skulle gjenopnast i 1995. Scholaen er oppriktig glade i denne mellomalderkyrkja, og vi let ikkje eit jubileumsår seile forbi utan at vi markerer det. Du skal som få vite meir når det nærmar seg. Vi legg ut informasjon på Facebook gruppa til Schola Solensis og på denne bloggen.
Du skal vere hjarteleg velkommen til kvart eit arrangement!
Ta med deg nokon og rusle deg ein tur på stranda, om det er konsert i ruinkyrkja. Solastranda er fascinerande flott anten det er sommarsol, eller det er haust og ruskar ute.
Om du er blant dei som kunne tenkt deg å prøve å synge i lag med oss, kan du gjerne ta kontakt med dirigenten vår, Ragnhild A. Hadland.
tirsdag 2. juni 2015
Måndag 8. juni, 2015 - Kveldskonsert med Eivor Time
Schola Solensis utvidar den musikalske venekrinsen og har med seg folkemusikar Eivor Time på kveldskonsert.
Eivor Time vil syngje og spele harpeleik.
Schola Solensis vil framføre gregoriansk song, men òg nokre folketonar.
Velkommen til Sola ruinkyrkje, måndag 8. juni, 2015 klokka 20.00.
Fri entré - kollekt.
Eivor Time vil syngje og spele harpeleik.
Schola Solensis vil framføre gregoriansk song, men òg nokre folketonar.
Velkommen til Sola ruinkyrkje, måndag 8. juni, 2015 klokka 20.00.
Fri entré - kollekt.
tirsdag 24. februar 2015
Maria bodskapsdag
Det nærmar seg Maria bodskapsdag, og då vil Schola Solensis syngje.
I år har vi med oss fløytist Elisabeth Barstad; dette gler vi oss til!
I år har vi med oss fløytist Elisabeth Barstad; dette gler vi oss til!
Følg oss på Facebook!
søndag 23. november 2014
Adventsvesper, 2014
Tradisjonen tru syng
Scola Solensis adventvesper
2. sundag i advent.
I år syng me tidebøna i BISPEKAPELLET i STAVANGER, sundag 7.desember kl. 16.30 til 17.00. Kollekt.
Vel møtt!
søndag 19. oktober 2014
Svithundagene i Stavanger, høsten 2014
Schola Solensis deltar sammen med Gunnar Skadberg. Gregoriansk sang og fortellinger om helgener knyttet til Stavanger.
Stavanger domkirke, torsdag 30.10.14 kl. 19.30
Bill. 150/100
Stavanger domkirke, torsdag 30.10.14 kl. 19.30
Bill. 150/100
fredag 5. september 2014
Bergen middelaldermusikkdager
Sundag 7.9.14 kl. 15.30 syng Schola Solensis i Rosenkrantstårnet. Tittelen er "Helgenforteljingar".
Velkommen!
www.bmmd.no
Velkommen!
www.bmmd.no
tirsdag 12. november 2013
torsdag 5. september 2013
Bergen middelaldermusikkdager
Laurdag 7.9.13 kl. 20.00 syng Schola Solensis i Korskirken i Bergen.
"Song for heilage jomfruer"
"Song for heilage jomfruer"
søndag 28. april 2013
Musikalsk smaksprøve
Følg lenka og få nokre musikalske smaksprøvar frå Schola Solensis sin forrige CD, "Psallat ecclesia".
Smakebit: "Psallat ecclesia" (CD)
Smakebit: "Psallat ecclesia" (CD)
torsdag 18. april 2013
Gjekk du glipp av dette arrangementet?
Abbedens hus opna
Fredag 21.6.2013 blei Abbedens hus opna. Schola Solensis fekk æra av å syngje på opninga av bygget. I 1995 blei scholaen starta som eit prosjektkor for å syngje på opninga av Sola ruinkyrkje, og no, nesten tjue år seinare fekk vi altså vere med å opne nok eit gjenoppbygd mellomalderbygg.
Abbedens hus er blitt eit vakkert bygg; berre taket kan få ein til å sukke henført. Eit flott bygg å syngje gregoriansk song i.
Omtale av opninga i Stavanger Aftenblad:
NRK Rogaland sitt innslag om Abbedens hus kan du sjå her (og det er altså ikkje Schola Solensis som syng i bakgrunnen; så mandige røyster har vi ikkje:):
http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland/dkro99062113/21-06-2013#t=6m18s
..............................................................
Mariakonsert i Sola ruinkyrkje
Velkommen til konsert med Schola Solensis!Denne onsdagskvelden vil vi framføre eit utval songar knytte til Maria. Dei ulike songane blir brukte til ulike tider i kyrkjeåret, og vi vil syngje både "kvardags-" og festversjonen av dei fleste songane. I tillegg vil du få høyre ei marialegende.
Fri entré - Kollekt.
Informasjon om arrangementet finn du òg på Facebook:
Mariakonsert - 24. april 2013 - kl. 19.30 - Sola ruinkyrkje
- Er du interessert i å prøvesyngje? Ta kontakt med dirigenten vår, Ragnhild Agathe Hadland.
lørdag 5. januar 2013
Kven er vi?
Schola Solensis har sidan 1995 gått på oppdagingsferder i den gregorianske songen, og funne spanande stoff som venta på å bli framført. Me gler oss over å få liv i gløymde songar frå mellomalderen, og gjenskape dei for moderne tilhøyrarar. Frå eit stort repertoar set me saman gode konsertprogram, og er òg opne for særskilde ønske.
Songane er henta frå det gregorianske kjernematerialet og frå meir uvanlege, norske kjelder. Schola Solensis syng fleire av dei vakre hymnene og antifonane som vart skrivne til jomfru Maria. Til henne kunne folk i heile den kristne verda vende seg for hjelp og forbøn. Me brukar å gje jomfru Maria særskild merksemd i tida rundt marimesse 25. mars.
I den norske kristentrua vart Olav den heilage (d. 1030) tidleg ein helgen folk kunne samle seg om. Han fekk sin eigen musikk, som er bevart i gamle mellomalderkjelder. Schola Solensis hentar gjerne fram Olavsmusikken til Olsokfeiringa 29. juli og andre høve. Ei anna feiring, særeigen for Nidaros, var festen for ein dyrebar relikvie som kom til Nidarosdomen september 1165: Kristi blod i ein gullring. Til denne festen vart det skrive eit eige officium. Fleire av songane herifrå framfører me jamleg på konsertane våre.
Dei siste åra har Schola Solensis utforska den særeigne sjangeren sekvensen, som var ein viktig del av kyrkjesongen i Noreg og Europa i mellomalderen.
Arbeidet med Thomas Becket-sekvensen "Aquas plenas" og Olav-sekvensen "Lux illuxit" lokka oss til å gå eit steg vidare, og på eiga hand leite fram sekvensar frå gamle kjelder. I oktober 2002 kunne me for første gong på nær 500 år framføre sekvensen for Stavangers skytshelgen, St. Svithun, "Psallat ecclesia mater decora".
Schola Solensis syng no sekvensar for advent, jul og påske, samt sekvensar for helgenane St. Laurentius, som Utstein klosterkyrkje er innvigd til, Sta. Sunniva, skytshelgen for Bergen, St. Nicholas, Sta. Lucia og Sta. Agatha.
..........................
Frå 1995 til 2004 kalla koret seg Schola Canto Gregoriano Sola. I 2004 skifta koret namn til Schola Solensis.
..........................
2011: "Psallat ecclesia - sequences from medieval Norway". (Spelt inn i Ringsaker kirke, 1.-4. oktober 2009 av Lindberg Lyd AS. Recording producer: Wolfgang Plagge.)
Har du ønsker om ein kort konsert? Ein lengre konsert? Forteljingar knytta til det vi syng? Vil du vi skal seie noko om gregoriansk song? Har du song-ønske? Vil du vi skal fortelje om Sola ruinkyrkje? Vil du overraske ein jubilant?
Ikkje nøl med å ta kontakt med dirigenten vår!
Do you want to book Schola Solensis?
Please contact our conductor!
BOOKING:
Ragnhild A. Hadland
+47 975 13 100
ragnhild.hadland@lyse.net
Songane er henta frå det gregorianske kjernematerialet og frå meir uvanlege, norske kjelder. Schola Solensis syng fleire av dei vakre hymnene og antifonane som vart skrivne til jomfru Maria. Til henne kunne folk i heile den kristne verda vende seg for hjelp og forbøn. Me brukar å gje jomfru Maria særskild merksemd i tida rundt marimesse 25. mars.
I den norske kristentrua vart Olav den heilage (d. 1030) tidleg ein helgen folk kunne samle seg om. Han fekk sin eigen musikk, som er bevart i gamle mellomalderkjelder. Schola Solensis hentar gjerne fram Olavsmusikken til Olsokfeiringa 29. juli og andre høve. Ei anna feiring, særeigen for Nidaros, var festen for ein dyrebar relikvie som kom til Nidarosdomen september 1165: Kristi blod i ein gullring. Til denne festen vart det skrive eit eige officium. Fleire av songane herifrå framfører me jamleg på konsertane våre.
Dei siste åra har Schola Solensis utforska den særeigne sjangeren sekvensen, som var ein viktig del av kyrkjesongen i Noreg og Europa i mellomalderen.
Arbeidet med Thomas Becket-sekvensen "Aquas plenas" og Olav-sekvensen "Lux illuxit" lokka oss til å gå eit steg vidare, og på eiga hand leite fram sekvensar frå gamle kjelder. I oktober 2002 kunne me for første gong på nær 500 år framføre sekvensen for Stavangers skytshelgen, St. Svithun, "Psallat ecclesia mater decora".
Schola Solensis syng no sekvensar for advent, jul og påske, samt sekvensar for helgenane St. Laurentius, som Utstein klosterkyrkje er innvigd til, Sta. Sunniva, skytshelgen for Bergen, St. Nicholas, Sta. Lucia og Sta. Agatha.
..........................
Frå 1995 til 2004 kalla koret seg Schola Canto Gregoriano Sola. I 2004 skifta koret namn til Schola Solensis.
..........................
CD-utgjevingar
2001: "Aquas plenas". (Spelt inn på Utstein kloster.)2011: "Psallat ecclesia - sequences from medieval Norway". (Spelt inn i Ringsaker kirke, 1.-4. oktober 2009 av Lindberg Lyd AS. Recording producer: Wolfgang Plagge.)
BOOKING-informasjon
Ønsker du å booke Schola Solensis til eit oppdrag?Har du ønsker om ein kort konsert? Ein lengre konsert? Forteljingar knytta til det vi syng? Vil du vi skal seie noko om gregoriansk song? Har du song-ønske? Vil du vi skal fortelje om Sola ruinkyrkje? Vil du overraske ein jubilant?
Ikkje nøl med å ta kontakt med dirigenten vår!
Do you want to book Schola Solensis?
Please contact our conductor!
BOOKING:
Ragnhild A. Hadland
+47 975 13 100
ragnhild.hadland@lyse.net
Abonner på:
Innlegg (Atom)